Mange av oss heier på den norske bonden. Vi set umåteleg pris på den store innsatsen de gjer for norsk matproduksjon og for å halde jorda i hevd. Utan dykk ville landet vårt sjå heilt annleis ut. Norskprodusert mat er under stort press av billig import frå land som nytter store mengder sprøytemiddel og utnyttar underbetalt arbeidskraft. I denne situasjonen er det avgjerande at norske matprodusentar står samla skulder ved skulder for å fremje trygg norskprodusert mat og berekraftig utnytting av våre naturressursar.

Det er ingen grunn til at dei ulike sektorane skal skyte på kvarandre og krisemaksimere konfliktar som vil kunne oppstå. Her er konvensjonelt landbruk, økologisk drift, større bruk, småskalaprodusentar og reindrift viktige og verdfulle aktørar.

Det har blussa opp ein debatt om tamreindrifta sin plass i Trollheimen, om konfliktar og frykt for auka press på tradisjonelt jordbruk. Her meiner eg å sjå ei krisemaksimering og ein unødig utmåling av framtidige konfliktar basert på nokre historiske hendingar utan å ta med heile biletet.

Det er og litt merkeleg å sjå påstand om forfordeling av støtte til samisk reindrift i høve til landbruk. Begge desse sektorane ligg under Landbruks- og matdepartementet med årlege lønsforhandlingar.

Statistikk frå landbruksdepartementet syner at gjennomsnittleg inntekt for eit årsverk innan reindrifta på landsbasis dei to siste åra låg kring 200.000 kr, og tidlegare år har det vore vesentleg lågare. Det er i alle fall ingen grunn til å misunne reineigarane dei økonomiske vilkåra med årsløn som ligg under nivået for jordbruket og langt under halvparten  av medianløn her til lands (550.000 kr).

Inntektene må ofte supplerast med inntekt frå andre yrke, så her sit   bønder og reineigarar så å seie i same båt.

Eit konfliktområde som har vore nemnd er beitande rein på innmark. I dag er vel det eit minimalt problem her i Oppdal. Det eg ser når eg ferdast ute (og det gjer eg ofte) er at hjort og rådyr er å sjå på innmark, men svert sjeldan rein.

Reindrifta slit med same grunnleggande problem som resten av landbruket; at det er svert få som greier å leve berre av drifta, men må ha ein stor del av inntekta frå anna arbeid. Eg vil oppmode landbruksorganisasjonane og dei lokale beitelaga her i Oppdal, Rennebu og Meldal til å organisere møte med dei som driv reindrift i Trollheimen og drøfte eventuelle konfliktpunkt og ikkje minst tankar om framtida. Ein forutsetning er sjølvsagt at begge partar har respekt for kvarandre og er villige til å lytte. Da kan ein kanskje kome fram til ein strategi og samla handlingsplan for ei framtidsretta næring innan dei ulike sektorane. Det er vegen å gå i staden for å sitje på kvar si tuve med berre den eine parten sine synspunkt.

Det er også avgjerande å få opp interesse for lokalprodusert mat gjennom god marknadsføring, så her kan landbruket og reineigarane gå saman med turistnæring og handelsstand for å fremje sine lokale produkt. Døme på dette er organisasjonen «Oppdal Smak av Fjell» som kan vere ein motor og skape auka interesse for gode lokale produkt som eit supplement til landbrukets eigne organisasjonar.

Vi ønskjer norsk mat dagleg på bordet, og vonar de alle held ut i det strevsame, men viktige arbeidet de står i. Og at det skal bli økonomiske og arbeidsmessige forhold som gjer at neste generasjon vel å føre arven vidare!

Lønset 12. februar

Ivar Horvli