På Dovrefjell og i Rondane lever siste rest av Europas opprinnelege fjellrein. No lyser det raudt for villreinen rundt Snøhetta. Staten har ein tung del av ansvaret.

Hausten 2021 vart villreinen ført opp på raudlista, som nær trua. I år er faresignala blitt enda sterkare. Ei ekspertgruppe leia av Norsk institutt for naturforsking har vurdert dei ti nasjonale villreinområda. Seks av områda oppfyller ikkje minstemålet i den nye kvalitetsnorma, og får raudt lys.

Snøhetta er blant dei fire områda som får aller svakast karakter: «Dårlig.» Her finst Europas siste genetisk opphavlege villrein, trengt inn i ein stadig trongare bås av politisk press og skandaløs saksbehandling i det tidlegare Miljøverndepartementet.

Det store paradokset er at krisa starta med eit krafttak for å betre forholda for snøhettareinen. I 2002 vart gamle Dovrefjell nasjonalpark seksdobla i areal, og fekk namnet Dovrefjell-Sunndalsfjella nasjonalpark.

Tjue år seinare ser vi at prosessen rundt nasjonalparken har vore ei ulykke for snøhettareinen. Den har ført til ei mangedobling av turisttrafikken i sårbare område der reinen trekkjer og beiter. Dette er ei av årsakene til at snøhettareinen får raudt lys, skriv ekspertgruppa: Hindringar i viktige trekkområde.

Er verkeleg fjellvandrarar ein fare for villreinen?

Ja, om vi blir så mange at vi hindrar trekket til desse evig vandrande dyra. Vi er rovdyr for reinen. Han flyktar frå oss, frå lukta av oss. Vi blir levande stengsel for det frie villreintrekket.

Dette er gammal kunnskap. Likevel valte staten med fullt overlegg å auke presset på snøhettareinen.

Midt i leveområdet til villreinen, ved foten av Snøhetta, ligg den store DNT-hytta Snøheim. I 2002 hadde den vore i Forsvarets eige i 44 år og var forfallen. I tråd med verneforskrifta bestemte regjeringa Bondevik at Snøheim skulle rivast og vegen inn til hytta fjernast. Drift av turisthytte her, midt i Europas viktigaste villreinområde, ville komma i konflikt med verneinteressene.

Ti år seinare, i 2012, opna Nye Snøheim – sterkt utbygd og restaurert. DNT Oslo og Omegn hadde fått hytta i gåve av Forsvaret. Dei rekordmange turistane blir no frakta til hyttedøra med buss, på ein veg som slett ikkje er fjerna.

Kva skjedde? Politikk overstyrte fag.

Daverande miljøvernminister Børge Brende starta eit løp for at Den Norske Turistforening skulle få overta Snøheim. Seinare ministrar følgte opp. Verneforskrifta vart endra for å opne for Nye Snøheim. At det samtidig stengte for snøhettareinen var underordna.

I boka «Kampen om Dovrefjell» dokumenterer vi at Miljøverndepartementet leverte ei gjennomført partisk saksbehandling. Den vrimla av faktiske feil, og alle gjekk i same retning: til fordel for DNT og Nye Snøheim.

Konklusjonen var lagt på førehand. Slikt er faktisk ein trussel mot demokratiet.

Det mangla ikkje på protestar. Organisasjonen Bevar Dovrefjell mellom istidene (BDMI) vart stifta for å verne om villreinen. Den gjekk til rettssak mot staten, ved Miljøverndepartementet, for brot på naturmangfaldlova.

Staten vart frikjent i Oslo tingrett. BDMI anka til Borgarting lagmannsrett. Retten kom «under tvil» fram til ei ny frikjenning. Utfallet var i stor grad knytt til ordet «nevneverdig»: Ville Snøheim føre til ein bruk av området som var «nevneverdig til skade for villreinen»?

Dette var i 2013. Nye Snøheim hadde vore i drift i to sesongar. Det var for kort tid til å trekkje klåre, faglege konklusjonar. Dei har komme i ettertid: Den sterkt auka turisttrafikken frå Nye Snøheim er til skade for villreinen.

Skaden blir forsterka av at DNT Oslo og Omegn har enda ei hytte like ved: Reinheim i Stroplsjødalen. Trafikken i dalen er fleirdobla, også på grunn av den eksplosive veksten i «moskusturisme». Dermed møter snøhettareinen to barrierar på Hjerkinnplatået, der også Viewpoint Snøhetta trekkjer mykje folk.

Summen av menneskeleg ferdsel har vorte altfor stor.

I Sunndalsfjella er det funne ein 11.000 år gammal jaktleir. Mennesket kom til Norge i hælane på reinen. I dag er Nord-Norge heilt fritt for villrein. I Sør-Norge finst villreinen i 24 «båsar», stengt inne av vegar, reguleringsmagasin, hytter, jernbanar, kraftliner og andre inngrep. Og «båsane» blir stadig trongare.

Miljødirektoratet startar no arbeidet med tiltaksplanar i villreinområda. Ansvaret er lagt til dei ulike statsforvaltarane, som skal levere forslaga sine innan 1. desember 2023.

Blant dei aktuelle tiltaka er regulering av ferdselen i sårbare område til visse tider av året, noko nasjonalparkstyret for Dovrefjell-Sunndalsfjella vil sjå nærmare på.

Det hastar med slike tiltak på Hjerkinnplatået. Forbod mot ferdsel strir mot den norske allemannsretten. Dessverre er det høgaktuelt, på grunn av statens svik mot villreinen.

Snøhettareinen deler mange problem med andre villreinstammar. Villreinen er ein internasjonal ansvarsart for Norge. No må vi ta dette ansvaret på alvor.

DNT har vist vilje til handling i fleire fjellområde, blant anna ved å flytte hytter og legge ned merka ruter. Men kva vil staten og DNT gjera med dei akutte spørsmåla knytt til Nye Snøheim, Reinheim og Stroplsjødalen?

Av Svein Sæter og Yngvild Sæter, forfattarar av boka «Kampen om Dovrefjell. Europas siste intakte høgfjellsøkosystem»