21.04.1972. Avkriminalisering av sex mellom menn

50 år har gått.

21.04.2022. Vi heisar prideflagget stolte og glade utan redsel for fengsling og rettergang.

Det kunne vi ikkje for berre 50 år sidan.

Vi feirar dette jubileet for at det ikkje lenger var kriminelt å ha seksuell omgang mellom menn.

Legg merke til at eg skriv menn. Kvinneseksualiteten var ikkje nemnt i lova da den var offisielt usynleg. «Finder der utuktig omgjængelse sted mellem personer af mandkjøn, straffes de, der heri gjør seg skyldige eller som medvirker dertil, med fængsel inntil 1 aar», heitte det i den omstridte paragrafen 213.

Først i dag 50 år seinare kom den offisielle orsakinga frå statsministerhald for korleis menn, som hadde seksuell omgang med kvarandre, vart handsama i landet vårt.

I dag er det ingen i dette landet som ville finne på å foreslå at denne lova skal innførast att. På Stortinget er det heller ikkje eit einaste politisk parti som ville foreslå noko slikt.

Ja, vi skal feire seirane våre, men samstundes må kampen forsette.

Her i vårt land må vi dra i land lova mot såkalla «homoterapi», som ikkje er terapi , men overgrep.

Løftar vi blikket , finn vi at i nærare 70 land i verda, er homofili kriminelt og grunnlag for forfølging og lange fengselsstraffer og i sju land er det dødsstraff.

I solidaritet med alle skeive fortset vi kampen.

Oppdal SV

Ellinor Larsdotter Svisdal, ledar