Villrein i fortid og framtid

Det er stort engasjement og mykje debatt i lokalavisa om villrein etter siste kartlegging av villreinstammane i Dovre-Sunndalsfjella og Knutshøområdet der villreinstammane ser ut til å ha så dårlege levevilkår at dei er trua.

Det er bra at alle sider med dette blir drøfta, både for å lære av historia og finne tiltak for å ta vare på desse unike dyrestammane, grådyra som har vore her sida isen sleppte taket for om lag 10.000 år sida.

Men det blir feil å trekke linene attende til tamreinsaka i Trollheimen i denne samanhengen slik artikkelen «Bevar villreinen!» nemner; den er ikkje relevant her.

Det er heller ikkje slik at lokalbefolkninga alltid har hegna om villreinen; før krigen var det fleire som etablerte tamreinlag, og ei tid arbeidde Oppdal bygdeallmenning med eit prosjekt der dei planla å skyte ut all villrein på Dovre for å etablere tamreindrift som dei meinte ville gje større inntekt! I dag ville dette vere utenkjeleg.

Elles nemner artikkelforfattaren mange andre aktivitetar som absolutt er aktuelle og vel verd å sjå nærare på for å regulere betre eller forby, særleg i den mest sårbare tida kring kalvinga.

Villreinen i Dovre-Sunndalsfjella og Knutshø-området er i dag utsett for stort press på ulike vis. I all hovudsak er dette på grunn av utbygging og auka ferdsel i fjellet i tillegg til klimaendringane som og skaper problem for dyra under desse marginale levevilkåra.

Dei urørde fjellområda der reinen kan vere i fred utan å treffe på folk blir stadig mindre og stykka opp av ferdselsårer for køyretøy og stigar for folk til fots og på sykkel. Ønsket om å få stadig meir inntekt av fjellets naturressursar er med å drive fram dette.

Vi må alle ta eit ansvar og finne oss i reguleringar som må til for å sikre framtida til fjellets vandringsmenn som har vore her i uminnelege tider til glede og nytte for menneska. Vi er sett til å forvalte desse ressursane, og har tatt den rollen. Framtida vil vise om vi er tilliten verd.

Ivar Horvli