Koret var på veg til Trondheim for å framføre eit bestillingsverk saman med Frode Fjellheim til opning av Olavsfestdagane i Nidarosdomen: «Vaerieh mov aalhtaninie/Mitt alter er fjellet».

Kva var vel da meir naturleg enn å mellomlande i Oppdal, ved foten av Dovrefjell, for å framføre ein konsert her! Koret har 50-årsjubileum dette året og har i samband med dette gjennomført ein serie konsertar i fullsette kyrkjer kring i landet der dei hadde dei sett saman konsertar med perler frå sitt repertoar gjennom tidene. Dette fekk vi og nyte godt av i konserten her i Oppdal.

Dei 44 korsongarane under leiing av den karismatiske Per Oddvar Hildre starta stilfullt med ein gospelmelodi og følgde opp med den sakrale songen «Rør vid meg nu» skreve av Abbas Benny Andersson. Korsongarane var plassert kring i kyrkja under første del av konserten og bøna «Fader vår» på Jesu språk, arameisk, tona ut i kyrkjerommet med ein mektig bassgrunntone som fjellstøtt støtta heile melodien.

Koret samla seg etterkvart i framme i kyrkjekoret med ein nydeleg Kyrie og vidare gospelsongen «I can tell the Lord» før dei fortsette med «There are hundreds of ways» Denne bodskapen, at det er eit utal av ulike vegar fram til målet, vart og understreka gjennom Per Oddvar Hildre si levande fortelling frå deira møte med folk frå ulike kulturar og religionar der dei hadde møtt stor omsorg og kjærleik og lært mykje om nestekjærleik og tankegods om livet.

Første avdeling avslutta med «Å var eg meir deg Jesus lik» av Mattias Orheim. Her fekk koret fram lyden Orheim si speling på glas gjennom fantastiske overtonar som svinga i kyrkjerommet.

Etter ein kort pause tok koret opp tråden gjennom den vakre salmen «Eg veit i Himmelrik ein borg» og «Bist du bei mir» nydeleg framført med solist og kor. Så kom framføringar inspirert av musikk frå Aserbajdsjan og vidare jazzprega melodiar frå New Orleans mellom anna «Josva fit the battle of Jerico» og eit «ljodbad» gjennom cellolydar frå ein av koristane i ein soloframføring som tok pusten både frå publikum og han sjølv (simulert).

Etter siste nummer vart det spontant ståande applaus frå dei nær 200 publikum i kyrkja.