OPPDAL: – Nå gjelder det å få markedsført den nye 7 kilometer lange turruta Mjøastigin (M7). Oppdal Fjellturgruppe står bak prosjektet, skriver Jon Strand i en mail til redaksjonen.

Han ønsker seg bærehjelp, fra i morgen av. Gruppa har til nå sendt denne informasjonen ut til sine medlemmer: «Som prosjektleiar for den nye 7 km lange rundlølypa Mjøastigin (M7) er eg så fri å sende dokke denne orienteringa om framdrifta. Samtidig er det eit friere til deg om du skulle ha tid og lyst til å ta eit tak. Kan du vere med på å bære opp tilfang til gapahuken?

Vi må få opp taktro, torvhald, papp, platon etc slik at vi kan starte bygginga torsdag 6. mai. Erling Sporstøl og Jon Strand har ansvar for oppsettinga av gapahuken.

I går køyrde Jon tilfanget opp til lunningsplassen ovaføre revskura på Normjøen (Eivind Såstad). Tilhengaren med presening som dekker materialene står opplasta ved Lunningsplassen der det er parkering. Oppgåva blir no å bære dette opp til gapahuken.

Gjekk opp med ei bør på 3 bord, brukte knapt 15 min opp skogsvegen.Etter litt kvil gjekk eg vidare etter merka stig opp til Landlaupet på knapt 15 min. It`nå problem! Tips til deg: La treningsturen kommende dager bli bæring av materialer frå tilhengaren og opp. Surr rundt skumplast el anna og legg børa på skuldra. Ein stav kan vere god støtte på truen opp.

Første dugnad blir torsdag 6.mai. Håper å få taktro, papp, platon etc på plass slik at vi kan bruke dagen til å sette opp gapahuken. Erling Sporstøl og eg er arbeidsleiarar. Vi starter kl 09 frå lunningsplassen. Merka rute opp. Kom når det passer i løpet av dagen. Vi er takksam for hjelp. Det er arbeid for alle!

Andre dugnad tysdag 11. mai. Målet er å gjere gapahuken ferdig denne dagen.

Tredje og siste dugnadsdag er torsdag 27.mai. Finrydde løypa, sette opp klyvegjerde over to utgarder.»

Lørdag 29. mai åpner den nye turløypa. Lions blir med på selve åpningsarrangementet.