– Vi veit for lite om verknadene av redusert arbeidstid, seier fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys. Regjeringa føreslår difor å løyve 20 millionar kroner for 2007 til å gjennomføre forsøk med og studiar av redusert arbeidstid. Forsøket går ut på å undersøkje om tilpassa arbeidstid kan medverke til at eldre arbeidstakarar i staten ventar med å gå av med pensjon. Studiane som vil gå føre seg parallelt vil gi kunnskap om korleis ulike arbeidstidsordningar virkar på ei rad andre område (sjukefråvær, tidsklemme mm).

– Dette er ei oppfølging av Regjeringas politiske plattform frå Soria Moria. Det finst lite forsking om arbeidstid, og difor er det trong for forsøk og studiar av arbeidstidsreformer. Ei undersøking frå Statistisk Sentralbyrå frå juni i år tyder på at arbeidstida har meir å seie enn løn og andre gode når det gjeld kor lenge arbeidstakarar vel å stå i jobben. Det er interessant å utforske korleis redusert arbeidstid påverkar pensjoneringstidspunktet, både på grunn av dei langsiktige utfordringane i norsk økonomi og arbeidet med seniorpolitikken, seier statsråden.

Forsøket skjer i 2007 – 2008, og vert vurdert av forskarar. Resultata vil liggje føre i 2009. Forsøket vert utforma i nært samarbeid med organisasjonane til dei tilsette og verksemdene. Studiane som skal gå føre seg parallelt vil mellom anna vere ein makroøkonomisk analyse av konsekvensane av redusert normalarbeidstid, forsking basert på registerdata og ei oversikt over folks ynskje om arbeidstid.

– Inntil vi veit meir er det klokt å ha eit ope sinn om kva ulike arbeidstidsreformer kan tenkjast å innebere, seier statsråd Grande Røys.