Nyheter →
Gjevilvassdalen og politikarane
Ein skitur i den vakre Gjevilvassdalen i ettermiddag ga meg tankar eg må lufte sjølv om eg er seint ute i høve til handsaminga i kommunestyret. På turen ut mot Gjevilvasshytta møtte eg mange glade skiløparar. Det var mest familiar, mange foreldre gjekk med små barn på ski eller i pulk.. Første tanken var: Så flott at foreldre tek med ungane sine ut i naturen. Det er det som legg grunnlaget for at også dei nye generasjonane skal bli glade i å vere ute på tur. Det var tydeleg at alle sette stor pris på å gå i gode spor på ein jamn og fin veg. Men korleis vil det bli for desse når vegen er brøyta og dei må opp i skogen til eit meir skrått og kupert terreng ?