27. mars gir Posten ut den tredje og siste delen i frimerkeserien «Norrøn mytologi». Dei to frimerka syner Harald Hårfagre saman med den samiske kvinna Snøfrid og Dovrefjell.

Frimerka vert utgitt som miniatyrark, og setter strek for frimerkeserien om norrøn mytologi. Temaet denne gongen er«Mytiske stader» og kunstnaren Sverre Morken har formgjeve miniatyrarket som kjem i eit opplag på 250 000 med valørane A Innland (kr 7,00) og A Europa (kr 9,00).

Frimerka med norrøn og nordisk mytologi er eit fellesnordisk prosjekt, der deltakarlanda Danmark, Finland, Færøyane, Grønland, Island, Sverige og Åland gir ut frimerke samstundes med mytiske tema. Prosjektet starta i 2004 med motiv frå gudeverda. I 2006 kom del to med mytiske vesen, og no kjem tredje og siste del av serien ut.

– enig og tro til Dovre faller

Dovrefjell står sterkt i norsk kulturhistorie og er knytt til myten om opphavet til nordmennene, til kongs- og jarleslekta og pilegrimsferdene til Nidaros i mellomalderen. I 1814 var Riksforsamlinga på Eidsvoll «enig og tro til Dovre faller», mens Henrik Ibsen, med god hjelp frå Edvard Griegs «I Dovregubbens hall», gjorde Dovrefjell kjent som stadnamn og symbol for ei heil verd gjennom «Peer Gynt».