Misfornøgd: Magne Hopland vart ikkje blid då han opna pakka med pinnekjøt.

Magne Hopland frå Skurdalen fekk ikkje heilt det han betalte for då han kjøpte pinnekjøt frå Spis AS. Selskapet beklagar.

– Dette er oppsagde saueføter, sukkar Magne Hopland og viser fram innhaldet i posen. – Dette har ikkje noko med sidebein på dyr å gjere.

Hopland kjøpte ein pose med pinnekjøt frå Norsk Spekemat AS i god tid før jul.

Mat til reven

Nokre dagar før jul kjøpte han ein pose til frå same produsent, for å sjå om det var ei tilfeldigheit. Men også den inneheldt bitar av lammeknokar.

Pinnekjøtet er produsert ved Norsk Spekemat AS i Oppdal, som ligg under Spis AS. Kvalitetsleiar i Spis AS, Knut Grøsland er overraska over funnet. Han trur at deler av frambeinet, bogen, har sete på sidestykka. Det betyr at det har vore ein svikt i mange ledd. Ved nedskjering, salting og tørking, oppdeling og pakking.

– Mange burde ha sett dette, seier han, til Hallingdølen.no.