70-100 mann var innom og det var god stemning! No har oss opna Øyasetra.

Setring er definerande for det oss driv med på Grindal, og no har oss nådd ein milepel ved å få i gang drift på enno ei seter i Jøldalen. Takk til alle som var med og feira dagen i lag med oss!

Her kjem eit resymé av tankane bak og prosessen fram mot ei seter i drift:

Fjøset på Øyasetra trong hjelp! Første omfar av tømmerkassen var rotna bort, og fjøset måtte restaurerast for å kunne brukast vidare. Takk til kulturminnefondet for støtte til restaurering slik at tømmerfjøset kan fortsette å vere fjøs i framtida.

Står godt i mange år

Kyndig tømmerarbeidarar frå Nordmøre museum avdeling Husasnotra plukka ned fjøs, la i et ekstra omfar og gjorde fjøset i breidda for å romme moderne NRF-kyr. Dei tømra fjøs i uvêr i oktober og sleit med at vinden tok tak i øksa når dei hogg!

Gammelstuggu har fått ei vøling, og står no godt i mange år framover. Den er av dei stuggun i dalen som er som dei var før, og vi vil ta vare på det gamle. Nystuggu har oss bygd i lag med gammelstuggu med ein praktisk svalgang i millom.

Prinsippet bak er at det er eit tydeleg skjele millom nye og gamle bygg. Samtidig er det godt å gå tørrskodd husimillom! Råbygget er oppført som fagprøva til Allan Anderson ved nordmøre museum.

Storparten av materiala er hogd i egen skog og saga på bygdesaga. I god tradisjon har vi gjenbrukt bygningsdelar som dører, vindu, golvbord og panel frå nedi bygda som ikkje var godt nok annastan.

Produksjon, kjøkken og utsal

I nystuggu har oss produksjonsrom, kjøkken og utsal. Bygget er tilpassa rømmeproduksjon, med vaskeplass ute og inne og vaskbare flater der det trengs. Neste år skal vi prøve oss på gammelost!

Sjå bilder frå opninga. Alle foto: Elisabeth Fagerland:

Kyrne går på utmark på NoFence, en revolusjon for budeia.

Det krev eit bygdesamfunn og bygge ei seter! Takk til arkitekt Ingebjørg fra bygningsvernhuset, Jon Fredrik og Ragnhild for gode tankar og idear!

Liv og leven

Tradisjonssnekkarane Allan, Tobias, Tallak, Ludvig og Torgeir frå Husasnotra, Jostein sagbruksmester, finsnekkarar og løysingsmenn Per Åke og Sigbjørn («alt ordner seg»), Kjetil solcelleplanleggjar, Ralf og Jonathan dreng og Pål Jørgen torvhaldskrokspikkar, Anders dassnikkar, høvlar og murar, Torbjørn transportør, Terje gravar, Endre vinduutforar, Jorne torvhaldskroksmed, John Håkon elektrikar,  Erik skapsnikkar, Olav sveisar, Kåre rørleggjar, Per Roger golvleggjar. Suppekokar Mette og dugnadsgjengen, ikkje minst Carl Petter og Anne Marit som hovudsupporterar!

Takk til Innovasjon Norge for økonomisk støtte til prosjektet. Stas er det og at Statsforvalteren i Trøndelag har økt setertilskotet i år.

Så vart det iallfall mer liv og leven når alternativet var at setra forfall.

God sommar frå oss!