«For eller imot villrein spør» Line Bretten Aukrust i OPP 5.9. og utfordrar dei politiske partia i kommunen til å svare på dette.

Dei fleste vil nok seia at dei er for villrein – men ikkje alle, det ser vi på reaksjonane da Den norske turistforening (DNT) varsla stenging av hytter i Rondane om vinteren (sjekk kommentarfelta hos NRK Innlandet …)

Ja , seier vi , men ser vi på kva vi faktisk gjer, er ikkje svaret like opplagt. Det er fleire trugslar mot reinen, der kommunen og politikarane i varierande grad har innflyting. Dei viktigaste er truleg desse:

1. Tap av areal og oppsplitting av leveområde.

Opphaveleg reknar vi med at villreinen i Sør-Noreg fordelte seg på tre store stammar med kvart sitt leveområde. I dag er reinen splitta opp i 24 områder og i Oppdal ligg viktige delar av Snøhetta (som eigentleg er to områder) og Knutshø villreinområde. Vegar, jernbanar, kraftutbygging og annan infrastruktur har ført til denne oppsplittinga. Ingen av desse små områda er fullverdige leveområde for rein – berre Hardangervidda kan seiast å vera eit fullverdig leveområde.

Vi et oss inn i desse områda med hytteutbygging, alpinanlegg, turisthytter, merka stigar og løyper, samt vegar og andre anlegg.

2. Sjukdommar

Dei siste åra har vi hatt skrantesjuke i Nordfjella og eit tilfelle på Hardangervidda. Fotråte har bredd om seg. Sau og rein går i utgangspunktet rimeleg godt i lag, men saltsteinplassane, som vi har veldig mange av særleg i austfjella, er populære også for reinen og kan vera smittebomber.

3. Ferdsel

Ferdselen, både til fots og på ski og med motor uroar reinen, stengjer trekkvegar og gjev dyra mindre tid til beiting. Det mest utfordrande området i Snøhetta – Stroplsjødalen, ligg i Oppdal.

4. Klima

Menneskeskapa global oppvarming fjernar meir og meir av snøbreane , som reinen treng, for å sleppe skadeinsekta om sommaren. Etter kvart vil vegetasjonen endre seg, skoggrensa stig og egna areal for reinen vil skrumpe inn.

Situasjonen ser lite lysteleg ut og som kjent lyser den nyleg etablerte kvalitetsnorma for villrein, raudt både for Snøhetta og Knutshø. Kalvevektene går ned og det blir færre simler som får kalv – dette er dårlege teikn.

Kan så politikarane i Oppdal gjera noko?

1. Arealtap og oppsplitting av leveområde. Det er vanskeleg å reversere det som har skjedd. Det aller meste av villreinområda våre er no vernet, og med det skal inngrep der vera utelukka. Vi må berre håpe at Oppdals sitt medlem i Nasjonalparkstyret ikkje vil være med på å hole ut dette vernet gjennom dispensasjonar.

Får SV den rollen i neste periode, kan vi love å vera ei vaktbikkje for reinen.

Vi vil arbeide mot etablering av nye hytteområder og andre belastande inngrep inn mot villreinområda. Heldigvis ligg det i svært liten grad inne planer av dette slaget i noverande kommuneplan, og slik må det også bli i fortsettinga.

2. Sjukdomar

Her har kommunen ingen verkemidlar ei heller vernemyndigheitene – det er til dømes fritt fram å plassere ut saltstein der sauenæringa finn det føremålstenleg. Saltstein er viktig for å styre beiting. Her må i tilfelle Mattilsynet på banen.

3. Ferdsel

Nasjonalparkstyret har få verkemidlar for å styre ferdsel til fots og på ski. I Knutshø har vi et stort vegnett som gjer det lett å kome langt inn i områda for å gå tur om sommaren. Men vernet regulerer ikkje bruk eller brøyting. Her kan kommunen og ikkje minst grunneigar (Oppdal bygdeallmenning) ha ei rolle i å regulere ferdsel, ikkje minst kva tid det blir opna for trafikk om våren for å gje reinen fred og ro til å få kalve ferdig.

Treng vegen opp Sæterfjellet inn mot Snøhettareinen sine kalvingsområder å vera open i mai sjølv om dette er et flott utgangspunkt for vårskiturar ? Vi kan og må begrense ferdsel om vårvinteren til dei mange hyttene i fjellet. Oppdal har vore nokså slepphendt tidligare med hyttebygging i fjellet. Å avgrense ferdsel til Orkelsjøen siste perioden av vinteren, ville ikkje kommunestyreflertallet. SV vil gjera dette for reinen.

Problemstillinga er aktuell fleire plassar i verneområda (Orkelsjøen er utafor verneområdet) og viss får vi sjansen, vil vi skjerpe inn. Dessverre ser det ut til at partiet, som representerer Oppdal i nasjonalparkstyret, meiner at det å gje opning for motorferdsel inn i fjellet, er eit viktig tiltak FOR villreinen(!).

Vi meinar det er viktig at kommunen støtter nasjonalparkstyret i å styre og avgrense ferdselen i Stroplsjødalen, samt at vi påverkar nasjonalparkstyret til å gjera så kraftfulle tiltak som mogleg. Dessverre får vi ikkje gjort så mykje med regelverket som gjeld i dag. Fri ferdsel står sterkt i Noreg. Mange irriterar seg over Snøheim og vegen inn, med skyttelbuss. Og gløymer glatt at vi kan takke lokal lobbyverksemd for at Stortinget gjorde om avgjerda om å fjerne vegen og hytta saman med resten av skytefeltet …

4. Klima

Vi må fortsette klimaarbeidet lokalt, nasjonalt og internasjonalt, og utan blygsel meinar vi at SV er det partiet, som har den beste klimapolitikken.

Vi i SV seier eit heilhjerta JA til villrein i fjella våre. Men – det betyr at vi ikkje kan gjera alt det vi har vent oss til å gjera fram til no.

PS. Tamrein og villrein er same dyret. Tamreinen treng langt på veg dei same tiltak og omsyn som villreinen.

Oppdal SV v/ Ellinor Larsdotter Svisdal