Qou vadis, Oppdal?

Kvar går du, Oppdal? Kva målsettingar har vi for framtida her i bygda, og korleis når vi desse? Ønskjer vi å nytte dei særeigne rike naturressursane vi har i fjellbygda vår, og kan vi samlast om å dra i same retning mot nokre hovudmål?

I det nye året vi nettopp har gått inn i står verda midt oppe i ei rad utfordringar; miljøkrise, pandemi, krig i Europa, energikrise og økonomiske utfordringar. Desse utfordringane kan ikkje løysast av eit einskild land, men må handterast av verda i fellesskap der kvart land må delta med sine bidrag. Det betyr også at kvar kommune i Noreg må snu på steinane for å finne ein kurs med framtidsretta løysingar. I tida framover ligg mange utfordringar for å få ei berekraftig utvikling; å bruke utan å bruke opp for dei som kjem etter oss.

To tema som eg vil gå nærare inn på her er berekraftig matproduksjon og bruk av naturressursar. Ønskjer vi å nytte dei naturgjevne tilhøva i bygda vår til framtidsretta matproduksjon og utmarksnæring?

Auka sjølvbergingsgrad med matproduksjon bør vere eit nasjonalt mål der vi i Oppdal og kan bidra innafor våre naturgjevne vilkår.

Landbruk

Landbruket har vore under sterkt press dei siste 10-åra med stadig større krav til effektivisering og rasjonalisering og til volumproduksjon. Innsatsfaktorane i landbruket har skote i veret i den grad at det har vorte vanskeleg å få ei akseptabel botnline for mange bruk.

Nedlegging av mindre bruk og bortleige av jord til stadig færre og større einingar har i tillegg gjeve meir fragmenterte einingar, større transportkostnader og med det auka drivstoffbruk og større klimautslepp. Import av billige matvarer frå lågkostland med utnytting av billig arbeidskraft konkurrerer i dag med våre lokalt produserte kvalitetsprodukt.

Her må vi som forbrukarar vere meir bevisste i val av lokalprodusert mat av god kvalitet med reinare produksjon og mindre klimaavtrykk enn dei langtransporterte billigare varene. Og vi må vere villige til å betale for det slik at bondeyrket får levelege vilkår.

Landbrukets eigne organisasjonar arbeider naturlegvis med desse utfordringane og med å betre rammevilkåra for norsk matproduksjon. Her i Oppdal er det (som andre stader) grenser for kva som går an å dyrke, men vi har store utmarksområde som gjev gode vilkår mellom anna for sau og storfe. Kanskje vi og skal ta i bruk geita som krattryddar i eit framtidig landbruk her?

Vi har kreative bønder som er i tenkeboksen og er villige til å vri om på produksjonen med alternative produkt som til dømes grønsaker der forholda ligg til rette i tillegg til dei meir tradisjonelle produkta. Den samla matproduksjonen kan og aukast ved småskalaproduksjon i tillegg til dei større einingane. Det er ikkje alltid at stort er best for betre lønsemd.

Tamreindrift

Det har vore tamreindrift i Trollheimen meir eller mindre i samanheng dei siste 150 år og periodevis i langt eldre tider (jfr Oppdalsboka bII o.a.). I all hovudsak har denne vore dreven av samar, men det har gjennom tidene og vore skipa mindre tamreinlag av bønder i Oppdal og Rennebu i kortare periodar. I

dag er tamreindrifta her regulert gjennom Trollheimslova i den samiske «Trollheimen Sijte» og dreven av fem eigarar av Kant- og Renanderfamiliane. Gustav Kant har etablert familiebedrifta «Trollheimsrein» med eige slakteri, skjæreri og lager i Resdalen (www.trollheimsrein.no) med salskanalar hovudsakleg i nærområdet.

Slaktevektene av kalv frå Trollheimen Sijte ligg på topp samanlikna med andre tamreinlag i Sør-Noreg, noko som tyder på god forvaltning og god beitetilgang. Slaktevektene her er vesentleg større enn for villrein, jfr Dovrefjellstammen.

Her representerer den tradisjonelle samiske tamreindrifta ei eineståande ressursutnytting av beite i høgfjellet i marginale område der tradisjonelle husdyr ikkje kan konkurrere. Det kan og nemnast at den samiske tradisjonen med hausting frå naturen med bær- og soppsanking representerer ein livsfilosofi med sjølvberging i samsvar med naturens kretsløp som er verd å utvikle vidare også i andre sektorar.

Samefamiliane har nær kontakt med småskalabedrifter i regionen med økologisk produksjon mellom anna i Grindal, og er slik knytt til eit produksjonsnettverk med ein framtidsretta idealistisk miljøprofil.

Viltressursar

Kvart år blir det henta heim mykje god mat frå utmarksområda i Oppdal i form av storvilt; hjort, rådyr, elg og rein. Dette er store og verdifulle ressursar som krev lite direkte kostnad å få fram om vi reknar jakta som sjølvfinansiert i form av rekreasjon, fysisk fostring og sosialt fellesskap. Skogs- og fjellbeita blir effektivt utnytta av storviltet og utfyller beiting frå husdyra våre som krev mykje meir investering i form av hus og tilført fôr.

Forvaltninga av villreinstammen i Dovre-Knutshøområdet har vore så ymse opp gjennom tidene frå dei første veidemenn tok seg inn over fjellviddene i steinalderen med pil og boge og dyregraver til rovdrift med massefangst i mellomalderen og seinare til dels uvettig nedskyting da skytevåpena vart meir effektive. Nokre år vart da villreinen totalfreda og tok seg opp att.

I krigsåra under siste verdskrig auka stammen over toleevna for beitet, og hard jakt måtte til for å redusere stammen til eit berekraftig nivå att. Sida har fjellstyra og allmenningsstyret i Oppdal regulert dette godt, og Knutshø-stammen var for nokre 10-år sida rekna for Nord-Europas beste samen med Forelhogna-stammen.

No ser vi at varsellampane lyser raudt for denne unike ressursen, i all hovudsak på grunn av kraftig auka press frå menneskeleg aktivitet og ferdsel, men og av klimaendringar. Her må vi ta grep for å sikre betre levekår for villreinen på Dovre.

Oppsummering

Eg vonar vi kan ha ein positiv og framtidsretta debatt om desse tema vidare framover i bygda vår. Dette for å styrke vår eigen sjølvbergingsgrad med matproduksjon og disponere utmarksressursane på best mogleg måte i fellesskap.

Da treng vi både landbruket sine tradisjonelle beitedyr som sau, geit, storfe og samefolkets tradisjonsrike tamreindrift. I tillegg må vi hauste av viltressursane med jakt og ta vare på villreinen som no er trua.

Det er den konstruktive debatten Oppdalssamfunnet må gå inn i; både politikarar og ikkje minst bygdefolket der og samane i Oppdal og Rennebu har sin sjølvskrivne plass.

Eg ser fram til eit godt og konstruktivt nytt år der vi tar felles tak til felles beste.

Lønset 10. januar 2023

Ivar Horvli