Takk til MDG som gav meg ideen til overskrifta! Med fire bokstavar i tillegg var overskrifta i boks. Gode overskrifter båe to!

Dette ikkje eit «partsinnlegg», men er heller nysgjerrig, og vil stilla nokre spørsmål. Mann til mann har vi i heile vinter undrast på: Kva er det eigentleg Venstre held på med, kva er det dei vil?

Etter kvart har og Sv. og MDG kome på banen, og har tala fram tamreindrifta saman med Venstre. Ikkje berre for Oppdals del – men har gjort seg til talsmenn/kvinner for heile Trollheimen – seks kommunar i to fylke! Men ingen av dei tre partia har så langt vore det minste konkret om sitt syn på reindrifta i framtida.

Dersom desse tre partia trur at dei er dei einaste som vil ha tamrein i Oppdal, tek dei skammeleg feil. Dei aller fleste, både grunneigarar og oss andre, tykkjer situasjonen vi har no, er til å leva med. Kva samane tykkjer sjølv, har ikkje kome fram. Men eg er optimisisk og trur at dette kan la seg løysa. Med same areal og dyretal, må det gå an å ordna dette på lang sikt - utan langvarig kamp og splitting - og den eine rettssaka etter den andre.

Venstre uttrykte det så godt sjølv i avisa 22 april: «Det nytter ikke å stikke hodet i sanden, fortsette som i dag, og tro at det går over av seg selv.»

Det får oss til å tru at Venstre har ein god og gjennomtenkt plan som vi ser fram til at dei deler med oss. Venstre har no både varaordførar, og ordførarkandidat i valet til hausten. Det fylgjer stort ansvar med ein slik status! Både Sv og MDG har og sikkert ein plan.

Da er det dags å avslutta med fem enkle, og etter mitt syn greie spørsmål. Spørsmåla er stilte for det meste på grunnlag av det som er skrive i rapporten «Status for Trollheimen Sijte.»

Eg meiner veljarane i Oppdal kan forventa såpass etter alt som er skrive i heile vinter – det er val til hausten!

Her kjem spørsmåla:

1: Bør Trollheimen få status som «samisk reindriftsområde?»

2: Bør talet i vårflokk aukast frå 1600 til 2500 dyr?

3:Bør Kråkvasstindområdet eksproprierast til reinbeiteområde?

4: Bør grensa for reinbeitet på kote 800 flyttast til grenser som svarar til reinens naturlege bevegelsesmønster?

5: Bør samane gå til ny rettssak på grunnlag av lovendringar og nye historiske opplysningar og funn?

Fleire med meg ser i spaning fram til svara.

30. april 2023

Harald Jære