Eg har børna frå meg i OPP

«Du må ha nye dekk! Du har børna for mye!», sa mekanikaren til Ingeborg Donali som med denne spalten seier takk for seg etter 18 år som fast spaltist i OPP.

Ingeborg Donali fra Oppdal har skrevet bok om oppdalsdialekten  Foto: LARS GISNÅS

Meninger

«Det lakkar med det lid», sa dei før, og meinte med det at tida skrid uavvendeleg framåt. Og når følgjene av det til fulle går opp for ein, så kan ein bli «heller uglad», som sagaen seier. Kanskje det er tid for å stoppe opp og tenkje seg litt om, kva ein har halde på med.