– Må bli slutt på uretten med ubetalt lunsjpause

Oppdal SV støttar fullt ut dei tillitsvalde i fagforbunda som gjekk ut i lokalavisa der saka om ubetalt lunsjpause var tema, skriv Ellinor Larsdotter Svisdal. 

Ellinor Larsdotter Svisdal er SV-politiker og tidligere hovedtillitsvalgt i sykepleierforbundet i Oppdal.   Foto: Arkivfoto

Kven andre enn kvinner og helsepersonell blir bedne om å gje 78 timar, eller 10 dagar gratis overtid årleg til arbeidsgjevar?

Ellinor Larsdotter Svisdal
Meninger

Oppdal SV støttar helsearbeidarane våre!

SV som eit likheit - og rettferdsparti meinar at dette er ei sak som no må kome til ei løysning, der det blir slutt på denne uretten med ubetalt lunsjpause for dei som arbeider med dei sjukaste i kommunen vår.



Ikkje rart at det opplevest urettferdig når du ringer dei med betalt lunsjpause og får beskjed om at vedkomande har lunsjpause og kan treffast om ein halv time. Både betalt pause og høve til å ta pause, noko som ikkje er sikkert at du får på avdelinga i helsetenesta .

Kven andre enn kvinner og helsepersonell blir bedne om å gje 78 timar, eller 10 dagar gratis overtid årleg til arbeidsgjevar?

Som tidlegare hovedtilitsvald i Sykepleierforbundet gjennom ein kvinnsalder og medlem av SV, har dette vore sak som eg personleg har kjempa for i alle år.

Alltid var svaret at dette blir altfor dyrt og umuleg å gjennomføra. Ein gong vart det foreslege å gjera det likt for alle tilsette i kommunen med ubetalt lunsjpause. Her var det mykje pengar å hente. Da skal eg love at det vart rabalder. Betalt lunsjpause var liksom ein gamal oppnådd rett , som ikkje skulle takast frå dei som hadde den.

Da eg som var hovedtillitsvald og spurte sjukepleiarane om kva som skulle til for at dei skulle arbeide 100 prosent stilling, var dei to viktigaste faktorane, betalt lunsjpause og at det vart slutt med såkalla kortvakter. Dette ville føre til litt færre oppmøter og lettare å gå i full stilling.

Det er berre på kvinnerike arbeidsplassar dette har vore muleg å halde fram med heilt til i dag.

Oppdal SV støttar helsearbeidarane sin kamp for rettferdige arbeidsvilkår.

Ellinor Larsdotter Svisdal, på vegne av Oppdal SV