Høgtida for bruk av tradisjonsmat nærmar seg

Tid for sau- og lammekjøt – «Furkunt»

  Foto: Heiko Junge/NTB

Meninger

Skrevet av årsmøtet i Oppdal bygdekvinnelag

No nærmar vi oss høgtida for bruk av tradisjonsmat, og vi finn det vi gjerne vil ha i alle butikkar. Like lett som vi får kjøpe kjøttdeig og kotelettar av gris, bør det vera enkelt å kjøpe seg lammekotelettar, fårikålkjøt og kjøtdeig av sau heile året.

Vi i Oppdal bygdekvinnelag vil fokusere på sau og lammekjøtt sidan dette er ei berekraftig næring i fjellregionen. Mange av våre medlem, både unge og gamle kjøper heile slakt av lam og parterer, salter og tørker sjølve. Det går også å bestille ferdig partert frå forretning med kjøttdisk.

Neste haust har Oppdal bygdekvinnelag tenkt å tilby opplæring i partering og bruk for eksempel til fenalår, pinnekjøt og lammerull. Godt julegåvetips er matboka «Furkunt» i bokhandelen – bok om tradisjonsmat frå Oppdal. Spør etter sau og lammekjøtt i butikkane heile året viss du ikkje er så heldig å ha laga porsjonane ferdig i frysaren heime.

Ha ei god jul og godt nytt år!